top of page

AQUAKULTUR

Sogn Industri har kompetanse til å setje seg inn i kva som helst system, lage endringar/forbetringar, generere dokumentasjon, installere/starte/overlevere, plukke ned på detaljplan. Vi er eit total-løysnings firma.

​

Vi har ingeniørar med multidisiplin erfaring og kompetanse. Våre ingeniørar, har evna til å engasjere seg i ditt prosjekt, identifisere potensielle utfordringar, finne dei beste ideane og løysingane for prosjektet. Vår hovudkompetanse ligg i problemløysing for store industrielle anlegg, både på teknisk plan og på planlegging/dokumentasjon.

Ved å velje Sogn Industri vil ein ha tilgang til erfarne multidisiplin senior ingeniørar, med brei kompetanse innan ulike områder i industrien (olje & gass og maritime prosjekt). Med erfaring frå eit breitt utval av forskjellig industriteknikk, vil ein kunne setje saman sterke og rigide system der ein kombinera den beste kjende teknologien på nye måtar.

​

Sogn Industri planlegg og gjennomfører alle oppdrag effektivt og trygt, etter gjeldande normer og standarar.

Vi jobbar etter ISO standard og strekker oss mot ISO sertifisering i løpet av åra som kjem.

 

Vi kan og ta på oss leiarroller i større prosjektet, eller vi kan vere ein aktiv støttespelar der det trengs.

Vi jobbar og med å utvikle eigne system for oppdrettsnæringa, i form av pumpesystem, struktur, energiproduksjon og lagring. Meir info om dette vil komme etter kvart som dei blir kommersialiserte.

bottom of page