
SOGN INDUSTRI
Våre ingeniørar har lang erfaring med store automatiserte anlegg. Vi kan tilby assistanse innan rådgiving, kvalitetssikring og prosjektering, eller ta ansvar for gjennomføring av heile prosjektet.
Sogn Industri har ingeniørar med multidisiplin erfaring og kompetanse. Dette er personar som har evna til å engasjere seg sterkt i ditt prosjekt, trekke fram dei beste ideane, identifisere potensielle utfordringar og komme fram til solide løysningar som fungerer.
Sogn Industri har kompetansen til å setje oss inn i kva som helst system, plukke det ned på detaljplan, lage endringar/forbetringar, generere all dokumentasjon, installere/starte/overlevere. Vi er eit total-løysnings firma.
Olje & Gass

Sogn Industri har brei erfaring med prosjektgjennomføring og oppstart, onshore og offshore.
Vi planlegger og gjennomfører alle oppdrag effektivt og trygt. HMS vert teke på alvor og vi gjer ei grundig kartlegging før vi tek til på ei oppgåve.
Vi har tilgjengelig personell med gyldig offshore sertifikat. Våre ressursar har i tillegg fagbrev som installatørar og kan bidra i installasjonsarbeid. Dette gjer oss fleksible og effektive!
Maritim

Våre ingeniørar har lang erfaring innanfor prosjektleiing og oppstart av utstyr relatert til skip og maritim industri generelt.
Vi kan ta på oss leiarroller eller vere ein aktiv støttespelar innanfor maritime prosjekt.
Vi kan generere prosjekt dokumentasjon, setje saman system, eller vere ein kvalitetskontroll i ulike fasar av prosjektet. Det som gjer våre konsulentar eit fortrinn er at vi har kompetanse til å installere i tillegg til å lede. Det gjer at vi ser utfordringar på eit mykje tidlegare tidspunkt, og vi finn løysningar som andre ikkje ser.
